Magnar Heimset si heimeside

 Siste nye:
Videofil svalbardtur 2011     Videofil Sørøya 2010     Videofil svalbardtur 2010  
Fisketur til Sørøya 2010  Svalbardtur 2010  Lofotfeske 2006  Elgjakt 2005  Laksefiske 2004
Hjortejakt 2003    Tur til Stockholm sommaren 2003    Bretur på Gjegnalunden juli 2003

                    

Jakt, fiske og friluftsliv med eigne bilete frå aktivitetane og tilhøyrande kommentarar pregar denne heimesida. Ho er fyrst og fremst laga for at underteikna skal tileigne seg litt kunnskap om korleis nettsider er bygd opp, og korleis kodesystema fungerer. Sida er enkel, opprinneleg laga med Macintosh sitt Enkel Tekst skriveprogram utan bruk av dyre, automatiske HTML-editorar. Av praktiske grunnar har vi skifta operativsystem frå Mac til Windows, og har etter kvart teke i bruk automatisk koding. Men vi unngår konsekvent ferdigsydde malar og standardopplegg. Ha ein fin tur. Etterpå tilrår vi ein kikk på den flotte websida til heimbygda vår Hyen på nett.  Mvh Magnar

 
F:1946 Yrke: Bonde
Sivilstatus: Gift med Anna Hope f. 1950
Born: Arnstein f. 1974 og Vemund f. 1978
Barneborn: Peter f. 2006 og Albert f. 2011
Interesser: Jakt, fiske, ski, elektronikk mm.

Litt om bruket i Heimseta

Garden Heimseta ligg i Hyen i Nordfjord, i Gloppen kommune. Han ligg i Vestredalen, 14 km oppe i dalen, vakkert sydvendt til med utsyn over Storefjorden som bileta syner. Bruket har omlag 100 da. innmark. Av dei er 60 da. dyrka og resten meir eller mindre rydda og gjødsla beite. Det ligg mykje utmark til bruket, opp mot 2.000 da. Vel 1/3 av dette er drivverdig skog. Utmarka er glimrande jaktterreng med mykje hjort, men òg ein del anna vilt. Det ligg òg rike fiskeressursar til garden. I Storefjorden vert det teke aurar som veg fire-fem kilo. Rekorden er på heile 7,7 kg.

Vi har til nyleg drive med mjølkeproduksjon på omlag 10 kyr og like mange ungdyr. Mjølkekvoten var på knappe 65.000 l. Det var noko mindre enn produksjonsgrunnlaget tilsa. Drifta har til no gjeve ei brukbar inntekt for brukaren. Men lønsemda i jordbruket har gått ned, og utsiktene framover er ikkje gode. Vi er alvorleg urolege for rekrutteringa til yrket. Kona arbeider heiltid ute som lærar ved Eikefjord barne- og ungdomsskule. Både ho og gutane har måtta hjelpe til med innhaustinga. Dermed var dei med på å opparbeide den inntekta som garden gav.

Nesten all innmarka vert brukt til produksjon av gras . Ein del av arealet er bratt og tungdrive, og det krevst forholdsvis stor arbeidsinnsats. Men med firehjulsdriven traktor kan likevel tyngda av graset takast med forhaustar og Vossakasse. Mykje hjort beitar i enga og gjer stor skade, mest i mai og august. Det kjem vel med at vi kan ta att noko av det tapte i jakta om hausten. Siste åra har vi fått tildelt 19 fellingsløyve på dette valdet, og vi skyt ofte bortimot full kvote. Det spørs om avskytinga på valdet har vore i største laget ei tid no, for dyretettleiken har gått ned dei siste åra.

Nyttårsorkanen i 1992 gjorde stor skade på bruket, særleg på skogen. Omlag 1400 m3 vindskadd furutømmer måtte ryddast ut så fort som mogeleg. Vi måtte leige hogstgjengar for å kunne ta ut så mykje på så kort tid. Dermed vart mykje av den inntekta skogen skulle gjeve i mange år framover borte. Husa på garden fekk heldigvis berre moderate skadar, men her såg ut som ei slagmark. Alt som var av garasjeportar og låvedører var knuste, og takstein og plater låg strødd utover. Vi fekk ein skikkeleg støkk i livet, og er på vakt når det vert meldt sterk vind.

Om oss som bur (budde) her

Arnstein arnsteinheimset@hotmail.com er utdanna jurist. Han har budd i  Sverige (Stockholm) nokre år der han jobba som saksbehandlar i forsikringsselskapet ACE Europe. Den store fritidsinteressa hans har vore Swingdans (Boogie Woogie), og han var, saman med dansepartnaren og sambuaren Marie Högberg, svært engasjert i det. No er han flytta til Bergen igjen, og har oppløyst sin private Sverige-union. Den nye sambuaren heiter Aagot og er frå Haugesunds- kanten. Dei bur i Rugdeveien på Landås. Arnstein arbeider ved forsikringsselskapet Frende Forsikring sitt kontor i Fyllingsdalen og trivst godt der. Elles likar han fotball og mest allslags sport, og han tek gjerne ein tur på hjortejakt heime i Heimseta når høvet byr seg. Han kan ikkje fordra kyr, og har ingen planar i retning av bondeyrket.

Vemund  vemundheimset@hotmail.com har teke historie grunnfag ved universitetet i Bergen. Han er utdanna førskulelærar ved lærarhøgskulen i same by. Det same er sambuaren hans, Lina Ytre-Arne, frå Hamar. Dei satsar på å bli verande i "Byn", og har kjøpt seg hus i Sædalen. Den 16. oktober 2006 vart ein stor dag. Då fekk Lina og Vemund ein fin gut, som har fått namnet Peter. Han har naturlegvis til no vore heile familien sin yndling. Vel fire år seinare, den 12. januar 2011, skjedde eit nytt storhende. Då kom lillebror Albert til verda og Peter vart storebror. Vemund er ein fredeleg og roleg type som trivst med litt trening. Han tek ofte turar med joggesko om sommaren og på ski om vinteren. Elles er han interessert i hjortejakt, og han deltek gjerne i jaktlaget heime på farsgarden. Feriane har han stort sett brukt heime der han har hjelpt foreldra sine med slåtten og anna naudsynt gardsarbeid, men bonde blir han neppe, han heller. Frå no av tek nok familie og jobb i Bergen all tid og energi.

Anna  anna@heimseta.no er som nemnt lærar og freistar å undervise elevar i grunnskulen. Ho har tre mil kvar veg til skulen, og er ein durkdriven bilist etter kvart. Om ho har full jobb ute, er det nok likevel ho som tek tyngda av husarbeidet heime. Bonden har liksom ikkje fal nok tid til slikt. I fritida (dersom slikt finst) likar ho å gå lange spaser- turar, å lese ei god bok eller å pusle med kryssord. For tida går Anna på datakurs og har mellom anna laga fotostory om middelalderkyrkjer

Husbonden magnar@heimseta.no har selt mjølkekvote og buskap og er no pensjonist. Han trivst med det og har god tid til andre aktivitetar. Ein deltidsjobb som journalist i lokalavisa Firda Tidend er høveleg sosial avveksling og hjernetrim. Han har brukt mykje tid på lokalpolitikk, og har fire periodar bak seg i kommunestyret. To av dei som leiar i skulestyret. Etter den fjerde takka han for seg i politikken og nyt fridomen i fulle drag. Det hender at han lagar middag som står klar når kona kjem heim.
Om hausten vert det mykje hjortejakt og elgakt.    Oppskrifter på Heimsetehjort finn du her.
Vinterstid er det trimaktivitet på ski i lysløypa på Fullskjegga som er viktigaste sosiale aktivitet. 
I ei årrekkje har Hogne Pedersen organisert kjempefine guteturar for elgjaktlaget m.fl. på lofotfiske.
Sommaren 2010 var vi ein tur til Sørøya og fiska der eit par dagar. Ein kjempetur som vi kjem til å gjenta.
Det er tradisjon at bror Jon generøst inviterer brør, svogerar og nevøar på ei veke laksefiske i Åelva og Hopselva. Til denne tid flotte ferieveker med fint sosialt samvær, mykje god mat og drikke og av og til bra med fisk.  

Gjestebok

Vi ville setje stor pris på om de kunne skrive litt i gjesteboka. Det treng ikkje vere så mykje, men det er artig å sjå kven som har vore innom. For folk med lite røynsle i å handtere teknologien, er dette fin trening. Vi tek gjerne tilbakemeldingar på ting som kan vere tungvint og vanskeleg for dei som gjestar sida, så skal vi prøve å rette på det. På førehand takk. Magnar.

Skriv i gjesteboka >>>    Les i gjesteboka >>>

Peikarar til andre heimesider:      

    Hyen på nett:         Øyvind Heimset Larsen:         Espen Heimset:

Bakgrunnsmelodien er "The Thrill is Gone" skreven av Roy Hawkins.
Vi har ikkje valt han som indikasjon på utfordringar i ekteskapet, men snarare på utviklinga i norsk landbrukspolitikk.

Takk for at du såg innom, og velkomen att. Har du hugsa å skrive i gjesteboka?        Til toppen av sida >>>