Ei utruleg men sann jakthistorie:

Også i år (2002) fekk eg oppleve nokre fantastiske dagar med Statoil sitt elgjaktlag i Lisleherad ved Notodden. Av ein eller annan grunn, kanskje fordi eg har lang og variert røynsle frå hjortejakt, har jaktlaget fått det for seg at eg er ein "kjapp" skyttar som kan ta "trange" postar. Den første laurdagen i elgjakta i år, fekk eg tilvist ein post ved eit lite dalsøkk omgjeve av tett blandingsskog på tre kantar og eit lite vatn på den fjerde. Stien som eg gjekk ut frå var det aktuelle elgtrakket, gjekk ved ei lita elv som rann ut frå tjernet. 

Eg plasserte ryggsekken (med sete på) slik at eg skulle få best mogeleg breiside når elgen forhåpentleg passerte. Men jammen var det krøbelt her. Dei opne felta var små og intime, og skyteavstanden ville bli kortare enn eg sette pris på. Men eg budde meg så godt det let seg gjere, og tok sjansen på å rydde litt kvist og kvas rund meg vel vitande om at slike ferske rydningar er eigna til å åtvare dyra om fåre.

Det tok ikkje mange minutta etter bikkjeslepp før melding om uttak kom på radioen. Elg på veg mot postrekkja. Eg høyrde han kom. Først ein kvist som knakk, så bråk av eit stort dyr som kom brøytande gjennom tett skog. Naboposten melde om elgokse i full fart mot posten min. Kikkertbeskyttar vart raskt vippa av siktet, fingrane frigjort frå flip over vott og tommelen lagt på sikringa. Den "kjappe" skyttaren var klar. . . 

Og der kom elgen, ein røsleg okse med mørk pels og stanggevir, brasande ut frå tetta. Men ikkje på stien slik eg hadde tenkt. Nei, rett mot ryggsekken med jegeren på kom han. Skulle eg springe? Kaste meg til side ut av vegen for det prustande uhyret som ikkje såg ut til å sanse seg. Eller skyte? Men den "obligatoriske" breisida då? Den kunne eg berre gløyme. Avgjerda måtte takast i brøkdelen av eit sekund, og jaktinstinktet vann over lysta til å røme frå problemet. Trådkrossen vart lyft opp under haka på oksen, og avtrekkjaren klemd inn. Pang!!! 

Smellen var enorm, og på den avstanden (10 - 15 meter) såg eg kula slå inn i halsen på dyret. Men bitte litt til venstre for halsmargen, så beistet stupte ikkje med det same. Men prustinga vart endå sterkare, og den digre kroppen med dei lange, lyse beina rasa vidare beint fram. No måtte eg flytte meg, og måpande stod eg der og bivåna monsteret som brasa forbi sekken medan torva og lyngtustane spruta over setet eg nett hadde reist meg frå. Fekk ikkje tid til å bli redd ein gong.

Eg høyrde braket då dyret fall. Men ei melding på radioen gjorde meg usikker. Naboposten hadde sett dyret passere over åsen bak meg. Var skotet for dårleg? Skulle det bli ettersøk på ein sein ettermiddag og kveld? Minutta snegla seg av stad. Ein må jo ikkje gå på eit fall for tidleg. Og bikkja, kvar var den? Oksen låg der han. Med strupen skoren gjennom av ei Nosler 30-06 og blod over alt omkring. "Kirurgi", var det ein som sa. "Ikkje å anbefale", sa jaktleiar. Eg er samd med sistnemnde. Men ei oppleving for livet!        Til hovudsida >>>          Neste bilete >>>