Todagas bretur over Gjegnalunden

Den 14. og 15. juli 2003 hadde tre spreke karar ein utruleg fin bretur på Gjegnalunden. Vi prøvde ei lite brukt rute for oppstigning. Starta etter den oppmerka ruta til Heifjellet, valde den midtre av skorene vidare opp mot Gråfjellet, gjekk over den 1405 m høge toppen og fram til Gjegnabu for overnatting.

Neste dag gjekk turen vidare til Gjegnen, over Gjegnalundsbreen til nedstigninga i brefallet mot Svartevatnet og langs den delvis merka ruta til Skjærdal. Og vi hadde skyfri himmel, strålande sol og nett passeleg vind til "aircondition" på heile turen. Nedstigninga var ei utfordring utan kjentmann, men ved hjelp av bra turkart og sunt bondevit fann vi rett rute stort sett heile vegen. Denne turen gav meirsmak! Nyt bileta.


Dei velutstyrte "Legionærane" Magnar, Ola og "sherpaen" Geir klar for oppstigning frå Brekka.


Frå Heifjellet mot Hope og Straume. Fyrste drikkepause som det etter kvart vart mange av.


Framfor oppstigninga den midtre skora frå Heifjellet mot Gråfjellet. Denne ruta bør bli meir brukt.


Mot toppen av Gråfjellet var det solid snødekke.

Neste biletserie