Elgjakta 2003

Denne hausten var det mykje fint og lagleg ver under elgjakta. Det såg ut til å vere lite elg i området Lisleherad i år, og det gjekk litt trått i starten for jaktlaget i Tysjø - Breistul. Men det tok seg opp etter kvart, og resultatet etter to forlenga helgar vart åtte felte dyr av ein kvote på ni. Inntrykket er at dyra i området er gjennomgåande små og lette. Det skulle tyde på at det i alle fall er nok elg her i høve til beitetilgangen.


Dårstul der jaktlaget "camperer" ligg fantastisk fint til midt i glimrande elgterreng.


Utsikt frå jaktterrenget mot Gaustatoppen i nordvest.


Og det er elg i terrenget for eit dugande jaktlag. Det gjeld berre å ha gode bikkjer som får lære kva jakta går ut på.


Slakting og kjøtstell er halve jakta. Kjøtet er ein verdfull matressurs som skal stellast skikkeleg.


Ein skikkeleg god saus høyrer med til marinerte elghjarte med "nogo attåt". Bård og Steinar ved gasskomfyren.

Meir elgjakt >>>   Til hovudsida >>>