Elgjakta 2005


Egil Gjesteland er ein av dei faste på bedriftsidrettslagt i Statoil sitt elgjaktlag. Han skaut denne kviga  i Breistulbakken laurdag 15. oktober 2005.

Det vart nokre kjærkomne dagar på elgjakt denne hausten og. Vi rakk ikkje første langhelga 06.-09. oktober på grunn av kalvingssesong i fjøset. Men den andre langhelga midt i månaden passa det betre, og ein god granne tok seg av kyrne slik at det let seg gjere å sleppe i frå nokolunde sytalaust.

Vi reiste torsdag 13. oktober i sprutande regnvêr. Det fossa ned slik det har gjort store delar av denne hausten. Ei ny reiserute vart utprøvd denne gongen. I staden for å køyre Hallingdal sørover få Gol til Hamremoen, og vidare om Vikersund, Hokksund og Kongsberg til Notodden, tok vi til høgre ved Nesbyen over Rukkedalen til Numedal. Like før Kongsberg tok eg til høgre att over Jondalen til Bolkesjø og Lisleherad. Godt over ein time køyring vart spart i høve til tidlegare, og sjølv om vegane var noko meir lik dei vi har her vestpå, var også trafikken tilsvarande liten, så dette kjem vi til å gjere fleire gonger.

Regn vart godvêr
Det regna i Lisleherad  og, men meldingane for langhelga var gode. Det var difor eit optimistisk tital jegerar og ei handfull ivrige elgbikkjer som samlast på Dårstul torsdag kveld. Jaktlaget hadde ni dyr totalt på fellingskvoten, og med fem felte dyr helga før, stod det fire att til denne helga, tre ungdyr og ei ku. Kua er alltid god å ha i reserve til ein har fått ut ungdyra, for det er nøyaktig like vanskeleg å sjå skilnad på kvige og ku av elg som på fjordyr og kolle av hjort. Det kan lett bli for store kviger, vi har lang røynsle for det. Det kan vere vanskeleg nok å skilje pinnoksar frå eldre handyr, for i dette området er utviklinga av gevir svært varierande. Oksane kan vere både to og tre år gamle og berre ha nokre pinnar på skallen. Skikkelege klassiske skovlgevir er nokså sjeldne i området.

Natt til fredag klårna det opp og månen kom fram. Dette lova godt for morgondagen. Elgjegerar er tradisjonelt svært tidleg på han om morgonen. Ein skal helst ha postert ut før det vert skikkeleg skytelyst. Slik var det tidlegare i dette jaktlaget og, men erfaring har vist at det går like bra å starte ein time seinare. Det er ein viss "action" i hytta om morgonen, særleg den første når alle jegerane skal finne fram jaktutstyret og pakke sekken for dagen. Seinare går det lettare.

Tidleg opp
"Reveljen" går i sjutida ved at ansvarleg for indretenesta startar straumaggregatet. Då er det full fart med frukost, smøring av niste, fylling av termos og fordeling av oppdrag. Korleis er vindretninga i dag, kva drev høver det best å starte med, kven går med bikkje og kva postar må dekkjast? Det er nok av ting å diskutere, og jaktleiar har ein stri tørn før vi kjem oss av garde til kvar våre oppgåver. - Du tek Breistulbakken, for du har firehjulstrekkar med god bakkeklaring. Du syter for opplåsing av skogsvegbommen. Du tek med elgtrekkaren opp til snuplassen, og hugs ryggsekken til hundeførar. Ordrane kjem tett og bestemt, og stemninga er hektisk og spent. Det er mykje som skal klaffe. - Har alle testa radioen, vi brukar kanal fem til vi finn ut om andre brukar same kanalen. Høyr etter karar, skyteinstruksen er som vi vart einige om i går kveld. Det skal ikkje skytast kalv i følgje med ku, og vi skal helst ha ut ungdyra først, veit de.


Samling på fallet. Skyttaren, Arild Nordal ,lengst til høgre.


Utmaginga er skyttaren sin jobb. Det kan vere litt av ei eldprøve. 

Bål på elgpost
Endeleg er vi i gang. Vi finn posten vår, det blir lettare etter som ein har fått nokre jaktturar i same terrenget. Men kart og kompass er alltid godt å ha. Og så kan ein sjå etter bålplass. Det var det vanskelegaste å bli fortruleg med for ein innbarka hjortejeger; brenne bål på post for å unngå at elgen kjenner lukta av deg! Det lærte vi av ein lokal "jakt-guide" på Sokna. Brenn bål om trekken er ulagleg, elgen er ikkje redd for røyklukt, og han greier ikkje skilje mannlukta frå røyklukta. Men du må sitje heilt opp i bålet! Og det stemmer, det har vi sett mange gonger. Elgen gjer det hjorten aldri ville finne på; han går rett mot bålet utan å ense det.

Det er i det heile mykje som skil elgjakt frå hjortejakt. Bruk av hund, for eksempel. Den før nemnde jaktguiden sa alltid: "Skal du finna elg, lyt du ha bikkje". Vanleg drivjakt på elg er ikkje effektivt i dei tette barskogane på Austlandet. Vi ser litt av same problematikken på Vestlandet etter kvart som dei mange granplantingane vert tette og ugjennomtrengjelege gøymeplassar for hjorten. Motsett er hund på hjort heller ikkje særleg effektivt. Hjorten tek mykje lettare ut og spring frå hunden. Elgen let seg mykje mindre affisere, og stålos er ikkje uvanleg. Då står elgen nokså roleg, medan hunden spring rundt han og strigøyr.

Pinnokse første økta
Ei melding sprakar på radioen: "Hundeførar er i posisjon, og bikkja er laus". Pulsen stig, vi sjekkar at våpenet er ladd og sikra, kikkertsiktet får ein ekstra omgang med pussekluten, litt meir halvrå ved på bålet. Vi er klar på elgpost. Vi høyrer bikkjeglam. Spenninga stig enda eit par hakk. Det sprakar i radio-øyrepluggen: "Bikkja har los på sannsynleg ungdyr, losen er på veg mot postrekkja". Kjem han hitover? Losen stilnar av, elgen har teke ut. Hunden gøyr berre når han ser elgen. Kvar går han? Det smell eit skot på naboposten ved Ilåtmyra. Ei litt andpusten stemme kjem på radioen, det er debutanten Arild som melder: "Har skote på ein pinnokse, men dyret ligg ikkje nede". Vi kjenner pulsslaga dunke i halsen medan vi saumfer skogkanten med auga. Kjem han hitover? Det smell ein gong til, hundeførar har gjeve dyret daudskotet og melder frå om fallet.

Vi hentar Rangeren, her vert det elgtransport. Fallet er like ved skogsbilvegen, så det vert lett å få dyret ut. - Gratulerer! Vi trykkjer den heldige ungguten, som har felt sin første elg, i handa. Også han driv med hjortejakt heime i Sunnfjord, men dette er første elgen hans, og han er tydeleg opprømt. - Han kom på meg bakfrå, hadde ikkje venta han der før eg høyrde det knast i kvist. Eg vart litt forkava, og skotet trefte nok ikkje heilt perfekt, fortel den ferske elgskyttaren.

Flåing og kjøtstell
Elgjegerar tek vanlegvis ein solid "siesta" midt på dagen. Då ligg elgen roleg i daglege og hjortar, og hundane har vanskelegare for å finne dyra då. For oss høvde det å flå og stelle pinnoksen i lunsjpausen. Det gjer vi ved hytta der vi har rigga oss til med slakteplass, traktor med lesseapparat og bom til å henge slaktet på. Elgen er så "trangskinna" at han er godt som uråd å "knueflå". Å flå med kniv, sentimeter for sentimeter, er ei stor tolmodsprøve. Difor leiger vi oss ein traktor desse dagane, som vi brukar til å dra skinnet av skrottane med. Vi flår beina og litt langs buken på begge sider, kappar beina på vanleg måte og hengjer elgen etter hasane i bommen på lesseapparatet. Vi festar dei avkappa bakbeina, som framleis heng fast i skinnet, med tau til eit tre og ryggar/løftar skrotten med traktoren slik at skinnet vert drege av. Passar ein på å følgje etter og snitte litt med kniven dersom kjøt vil følgje med skinnet, vert skrottane så fine som om dei var slakta på Reset i Førde. Mellom to furutre har vi festa ein solid tømmerstokk til å hengje slaktet til møyrning på. Er det varmt i veret, dreg vi på flugeposar for å halde spyflugene vekke frå det verdfulle kjøtet.

Lunsjpause med bål
Dersom veret tillet det, og det gjorde det til dei grader denne gongen, brukar vi å ta ein lang lunsjpause kring eit sprakande kaffibål. Der speilar vi egg, ristar brødskiver over glørne og diskuterar jakt. Vi hjortejegerar har nok mykje å lære av elgjegerane på dette området. No har vi rett nok sjeldnare godvêr i hjorten sitt rike her ves, men likevel. Vi trur kanskje det nettopp er det sosiale, det å bu saman på ei hytte langt inne i dei djupe skogane der mobiltelefonar og internett ikkje fungerer, matstelle seg sjølve med solide middagar med noko godt å drikke til etter lange dagar med jakt og slakting, som får ein vasstrukken hjortejeger til å køyre sju-åtte timar for å vere med på elgjakt. Vi får ofte spørsmål om det; kva vi skal på elgjakt vi som går så mykje på hjortejakt. Blir det ikkje i meste laget med jakt?

Resultatlaus andreøkt
Andreøkta vart ei døsig affære utan at det vart løyst skot. Det var plenty av dyr i terrenget, men ingen av dei skytbare kom på post. Det minka på fellingskvoten, og følgjeleg vanskelegare å finne dei rette dyra. Men ingen sure miner av den grunn. Ettermiddagssola steikte frå ein tindrande blå og klår hausthimmel og vermde så ein mest kunne duppe av mellom kvar gong nye meldingar spraka i radioen. Utsikta var aldeles utruleg vakker. Haustfargane var ikkje så avblåste som her vestpå, og på elgposten hadde vi god tid til å nyte solnedgangen og skumringa so kom langsamt smygande. Kan ein ha det stort betre?

Middag
Om kvelden var det tid for ein herleg, trerettars middag. Ein av hundeførarane diska opp med nydeleg rakfisk på salte kjeks med Snøfrisk og raudløk. Akevitt høyrer også med. Hovudretten var medbrakt supermøyr hjortebiff med saus der hjortekraft og heimeplukka kantarellar var mellom ingrediensane. Ein eldre kar med utprega sans for indreteneste, hadde laga karamellpudding som han serverte med nypiska krem. Spør om ikkje karar kan matstelle seg. Vi kunne ikkje fått det betre på eit trestjerners hotell.

Kvige dag to
Dag to starta som den første med klarvêr, rim på marka og tilfrosne bilruter. Klokka ni er karane på post og bikkja kan sleppast. Denne økta opplever vi det som stadig skjer, nemleg at losen går ut av drevet. Då må vi omgruppere og postere på nytt for å prøve å ringe inn losen. Er vi litt uheldige, går losen over i naboterrenget, og det er ikkje uvanleg at dyr vert felte for framand bikkje. Det siste har hundeførar ingenting i mot, for då får han trena hunden i å bli skoten for, og det framande jaktlaget tek vare på bikkja og gjev beskjed om kvar ho kan hentast. Eigar sitt telefonnummer må alltid stå på halsbandet. Marerittet er at bikkja dreg ut og ikkje kjem att før, i beste fall om kvelden, kanskje ikkje på dagevis. Då må ein anten til med resevebikkje, eller ein må gjerne klare seg utan bikkje.

Denne gongen gjekk det veldig bra, for hundeføraren fekk uttak på ei kvige som kom lagleg fram til ein av postane. Skotet small, og den heldige jegeren melde frå på radioen om vellukka felling. Gratulasjonane strøymde inn til ein nøgd skyttar, for det er så vanskeleg å få kviger. Dei har, som nemnt, så lett for å vere for gamle og for store. ”Reservekua” var framleis intakt.

Kviger er ikkje tyngre enn at det let seg gjere å dra dei ut manuelt, særleg dersom terrenget hallar rettevegen, og avstanden til skogsvegen ikkje er for lang. Det vart flåing i lunsjpausen denne dagen og, og som første dag vart andre økta resultatlaus. Det vart såleis god tid til middag denne kvelden og. På menyen stod marinert elghjarte som hovudrett, mmm, nydeleg. . .

Opprydding og avreise

Søndagen vart det berre ei økt på jakt. Bikkja hadde opptil fleire losar, men ingen skytbare dyr kom på post. Etter matpausen var det tid for opprydding i hytta og på slakteplass, veging og pakking av kjøt og heimreise. Vi som har lengst veg slepp gjerne av garde litt før ”den harde kjerne”. Det kjem ofte vel med, for heimturen kan bli tung etter ein periode med lange dagar og korte netter. Vi har alt starta å gle oss til neste år.

Meir elgjakt >>>   Til hovudsida >>>