Hjortejakta 2002:

Hausten 2002 vart ein fin jaktsesong med mykje flott jaktver og mykje hjort i Heimsetemarka. Vi hadde fellingsløyve på sju vaksne dyr av kvart kjønn pluss fem kalvar. I skrivande stund manglar vi eitt vakse hanndyr og tre kalvar. Sistnemnde har vi bestemt oss for berre å skyte dersom kalvar har kome bort frå mora og går att  åleine. Det hender at kalvar vert morlause, og ganske ofte vert dei jaga bort frå mora i brunsttida.


Den 5. oktober var ein stor dag med fire felte dyr på morgonøkta (femgreinar, gjeldkolle, kolle og kalv) og to 
på ettermiddagen (beinhynnel og fjorkolle). Alt saman naturlegvis skote i Åsane som definitivt er beste jaget vårt.
Framme frå v.: Geir, Tor, Bård med Netta og Vemund. Bak.: Asle, Øyvind, Jon,  Torleiv, Vidar, Hogne og Erik.


Vemund gjorde ein god jaktsesong med ein firegreinar, ein tregreinar og ei gjeldkolle, alle pent ekspedert med eitt skot i kvar.


Jaktlaget i Heimseta legg stor vekt på skikkeleg slakting og kjøtstell som ein naturleg del av jakta.

Til hovudsida >>>          Neste bilete >>>