Hjortejakta 2003

Hausten 2003 vart ein ny fin jaktsesong med mykje flott jaktver og mykje hjort i Heimsetemarka. Vi hadde også i år fellingsløyve på sju vaksne dyr av kvart kjønn pluss fem kalvar. I skrivande stund manglar vi ein vaksen stut, fire koller og fire kalvar. Sistnemnde har vi bestemt oss for berre å skyte dersom kalvar har kome bort frå mora og går att  åleine. Det hender at kalvar vert morlause, og ganske ofte vert dei jaga bort frå mora i brunsttida.
Laurdag 18. oktober var ein ekstra fin dag. Tor skaut ein beinhynnel ved Gamlebruna på Slåttestøylen i nitida om morgonen. Ettermiddagsdrevet gjekk i Lia, og Vidar skaut ein fin tregreinar på Dyreholten. Asle og Tor tok ein serie fine bilete frå jakta.


Vidar har god grunn til å vere stolt over skytinga si, kun eitt skot med fulltreff i overgangen hals/bog. 


Pappa Jon ser ikkje så verst nøgd ut han heller. . . Her ligg det mykje førsteklasses hjortekjøt.


Ei reinsleg utmaging av dyret før det går for lang tid er viktig for kjøtkvaliteten. Det er berre å følgje godt med.


Jaktbyttet skal takast godt vare på. Å felle dyret er berre halve jakta. . . 


Ein mest mogeleg skånsom heimtransport er og eit vilkår for å ta vare på det verdifulle hjortekjøtet.

Til hovudsida >>>          Neste bilete >>>