Frå laksefiske 2001

Også i år hadde vi ei fantastisk flott fiskeveke i Aa-elva og Hops-elva. Vi fiska frå 04. - 10. august. På dei seks dagane hadde vi 53,7 kg fisk fordelt på ein storlaks, ein mellomlaks og resten tert og ørret rundt to-tre kg. Det var litt regn og bra vassføring i elvane første del av perioden. Seinare minka vasstanden og vatnet vart blankare. Fisken beit tidvis bra, men det var lite nygått fisk i elvane, og særleg var det lite ørret å sjå til så pass seint i sesongen å vere. Favorittfluga var "Hansine", Hans Nyrnes si sjølvkomponerte og sjøvbundne fluge. Middels stor, dobbeltkroka med mørk, loden pels. Underteikna prøvde å døype ho til "Sunset Shadow Hanssi", men det slo visst ikkje heilt godt an. Var nemleg ein av dei få som ikkje fekk fisken til å bite på ho.


Røykjelaks er dagens forrett i høgdepunktet på dagen, nemleg samlinga rundt middagsbordet.


Hans med to flotte laksar på 9 kg (Slettehølen) og 6 kg (Bruahølen). Fotograf: Magnar 

Til hovudsida >>>     Laksefiske 2000 >>>