Frå laksefiske 2002


Kveldsstemning i Osen mot Å-vatnet. Vi hadde eit stålande ver med mange slike lumre kveldar.

Også i år hadde vi ei fantastisk flott fiskeveke i Å-elva og Hops-elva. Vi fiska frå 03. - 09. august. På dei seks dagane hadde vi 8 fiskar fordelt på ein mellomlaks på 5,2 kg og resten tert og ørret frå 1 - 4 kg. Det var eit nydeleg, varmt sommarver med høg temperatur, låg  vassføring og klårt vatn i elvane. Torebyene som kom på ettermiddagane gjekk stort sett forbi oss, men torsdagen fekk vi ei skikkeleg bløyte som hjelpte litt på vassføringa. Fisken beit tidvis bra, men det var ikkje nygått fisk i elvane, og særleg var det lite ørret å sjå i Å-elva til så pass seint i sesongen å vere. Nytt av året var at vi lånte båt og "dorga" på Hopsvatnet. Det var, under dei rådande omstende svært vellukka, og det var på den måten vi fekk dei største og finaste fiskane. Hopselva er ei typisk haustelv, og er ofte betre enn Å-elva så seint i sesongen. Smeltevatnet frå breen gjer at vasstemperaturen ikkje vert for høg til at fisken bit sjølv i slike varmebølgjer som vi opplevde denne gongen.


Magnar med laks på 5,2 og Tor med sjøaure på 3,8. Begge tekne i Hopsvatnet på høvesvis Toby og Møresild.


Sløying og rensing av fisken er viktig før frysing. Her vert laksen på 5,2 kg stelt.


Tert på 1,8 kg teken i Osen på mellomstor, mørk, tokroks fluge. Fisken har stått lenge i elva og er "brun".

Til hovudsida >>>     Fleire bilete 2002 >>>