Laksefiske 2003


Anders kom seint (Norway Cup) men godt til fiskeveka. Han fekk den største ørreten på 3,5 kg i øvre Osen.

I år hadde vi fiskeveka vår i Å- og Hopselva frå 02. til 08. august. Fyrste del av perioden regna det flittig, noko som gav tidvis ideell vassføring i elva. Men temperaturen var for høg både i lufta og vatnet til at fisken var særleg bitevilleg. Det var overraskande lite oppgang av ny fisk, og særleg hadde vi venta å få meir nygått ørret. Det var ein god del sjøblek (småørret som har gått eit år i sjøen) å få, men desse sette vi ut att i elva så sant dei ikkje var for mykje skada. 

Men ein del større fisk vart det og. Det er rart med det når så mange flittige fiskarar får drive på bortimot ei veke. Fangstrapporten viser 2 laksar, 10 ørretar og 8 tertar med ei samla vekt på 39,8 kg. Vi skal ikkje eingong prøve å antyde nokon kilopris. . .


Oddmar er Vassendenspesialist. Her med ein ørret på 2,3 kg.     Hans med ørret på 1,1 og tert 2 kg frå h.v. Vassenden og Toftehølen.


På fiske er det størrelsen det kjem an på. Vidar med ein tert frå Hopsvatnet på 1,5  og Jon med ein ørret frå Sjøhølen på 1 kg.


Øyvind er hekta på fisking, og her har han tilfreds stilt seg mellom Jon sin laks og sin eigen ørret på 2 kg frå Vassenden.

Neste biletserie >>>     Til hovudsida >>>