Elgjegernes Råfisklag sin lofottur 2003


Dristige og forventningsfulle landkrabbar på veg ut mot Eggja for å prøve skreien.

Det vart ein ny suksess i rekkja av vellukka skreifisketurar til Henningsvær. Veret var ikkjer heilt fullklaff denne gongen, med snøbyger og kuling i varierande styrke, men vi hadde ein tur på sjøen alle tre dagane. Fyrste dagen vart den beste med heile dagen på feltet og bra med fisk. 
Dei to andre dagane fekk vi tid til litt sjåsegom i Henningsvær. Det har det vorte lite av tidlegare. Vi besøkte Galleri Lofotens Hus med Nord-Norges største samling av biletkunst frå perioden rundt hundreårsskiftet, og som m.a. huser måleri av den nordnorske kunstnaren Karl Erik Harr. Der er det og eit fantastisk flott lysbiletespel av Frank A. Jenssen som mange vil kjenne att frå det koselege søndagsmorgon- programmet "Naturens verden" i NRK P1.
Det vart og tid til restaurantbesøk for å teste ut lokale kulinariske spesialitetar, og med stort hell. Det mest spektakulære var nok ein aperitiff dei kalla Draughyl, ein  frysekjølt peparvodka med skreilever og tran . . .


Å reinse og stelle fangsten så fersk som mogeleg er viktig for kvaliteten, og Bård er nøyen på det.


Hogne stiller med maskin for vakumpakking av fisken før frysing. Ingen slinger i valsen her nei.


Etter ein lang dag med sjø, fisking og fiskestell er det tid for ein solid skreimiddag i rorbua. Alle foto: Magnar Heimset

Til hovudsida >>>          Lofotfisk 2002 >>>