Elgjegernes Råfisklag sin lofottur 2004


Lofothavet mot Henningsvær. Denne nydelege seglskuta passerte sjarken vår, diverre utan seglføring.

Det vart ein ny suksess i rekkja av vellukka skreifisketurar til Henningsvær. Denne gongen kunne vi feire 5-års jubileum for lofotturane våre. Fyrste dagen hadde vi maksver med nesten havblikk, sol og heile ni timar på sjøen. Vi trefte skreiinnsiget perfekt og fylte tre kassar med fisk, tildels stor fisk, og vi tok til å uroe oss for bagasjevekt og innsjekking på flyet heim. Det er tydeleg at det no er fleire solide årgangar med skrei som kjen inn til kysten for å gyte. Fyrste året, i 2000, fekk vi stort sett berre ein årgang, fisk på tre-fire kilo. Denne gongen var fangsten spreidd på minst fire-fem årgangar heilt opp til 18 kg.

Den andre dagen fekk vi tid til litt sjåsegom i Svolvær. Der har vi ikkje stogga før. Vi besøkte Magic Ice Hall, isbaren, dekorert med isskulpturar som avspeglar den ramsalte historia til Lofoten. Den 300 kvadratmeter store Magic Ice Hall, som så å seie ligg på Hurtigrutekaia, skal halde minus 5 grader året rundt, og er meint å bli øysamfunnet sin nye heilårsattraksjon. Både drikkeglasa, bardisken, vegger og bord er laga av glasklår is. Etterpå var vi innom Lofotakvariet og fekk m.a. sjå ufiska skrei.

Tredje dagen la snøstormen seg litt, og vi drog ut på sjøen igjen. Rett nok var dønningane framleis godt merkbare, og vindstyrken var nok oppe i liten kuling, men ikkje verre enn at det gjekk godt an å fiske effektivt. Vi fekk mykje skrei denne dagen og, og gav oss tidleg på ettermiddagen. Då bryggja det opp til snøstorm igjen, og vi hadde fått meir enn nok fisk. Sjå biletreportasje frå turen.


Hogne Pedersen, primus motor for lofotturane, er for tida på eit halvt års studieopphald i USA og fekk ikkje høve til å vere
medi år. Han ser ikkje ut til å lide naud av den grunn. Her på helgatur ved Stillehavskysten i ein nett liten Chrysler kabriolet.

Til hovudsida >>>