Elgjegernes Råfisklag sin lofottur 2006


Å pilke skrei med stang på Eggja i Vestfjorden i Lofoten er eit eventyr for lidenskaplege sportsfiskarar.
Ola Bjelland frå Hommersåk ved Stavanger var den som suverent fekk mest fisk. Den største vog over 18 kg.

Rømde frå vestlandsregn
Vi reiste frå Hyen i, nær sagt som vanleg, sprutande regnvêr. Det var ein fantastisk overgang å lande på flyplassen der nord i strålande sol og nesten skyfri himmel. Men temperatursjokket som møtte oss når vi kom ut av flyet var merkbart. Nokre minusgrader i stiv kuling merkast godt for tunnkledde ”søringar”. Godt å tenkje på at vi hadde frottert ullundertøy og skikkeleg termodress i bagen. På turen utover mot Henningsvær fekk vi sett rikeleg av opprørt hav med kvitskum på bølgjetoppane.  Sjølv om vêrmeldingane lova spakning til liten kuling og kanskje berre frisk bris, såg vi for oss at det kunne bli landligge første dagen.


Her har Bård Heimset fått ein fin skrei opp i den opne båten.

Rorbulosji
Som vanleg hadde vi bestilt innlosjering hos Henningsvær Rorbuer, eit etablissement med 21 restaurerte rorbuer. Dei to buene ”våre” stod som vanleg klare til innrykk med førehandstinga proviant levert på døra. Med fire mann i kvar rorbu, kunne vi ha det rett så triveleg med brukbart kjøken, dusj og toalett som standard utstyr. Eigaren hadde og klar to sjarkar til oss, ein saktegåande, open, og ein delvis overbygd båt som kunne gjere rundt 40 knop. Det skulle nok bli ei råd med skreimølja i år og.

Kuling frå nordaust
Den første dagen vart som venta litt vel vindfull. Vi prøvde oss på sjøen, men det var nok krabben som fekk mest utbyte av den turen. Vi måtte til slutt berre snu og stampe oss innover att i tung motsjø og sjøsprøyt som stod høgt over båten. Godt at det er bora hol i skutesidene litt over sjølinja på slike båtar slik at alt vatnet renn ut igjen etter kvart. Skikkeleg påmonterte redningsvestar på alle mann er sjølvsagt eit ufråvikeleg krav på slike turar.

Mølje
Men vi fekk likevel nok fisk til å ha ein herleg skreimiddag om kvelden. Vi kokte både lever og rogn, torskehovud og fisk, og ein kar frå Sandefjord sytte for dygdig sandefjordssmør til. God raudvin høyrer og med til ein skikkeleg torskemiddag. Men etter ein dag med strabasiøs tur på sjøen, masse frisk luft og ein stor møljemiddag med raudvin til slutt, slokna dei tøffe ”feskarkaillan” temmeleg fort.  


I år fekk leige ein splitter ny, delvis overbygd racerbåt på årets gutetur i Lofoten. Knut Bøvre frå Sandefjord viser fram
ein skikkeleg rugg av ein skrei dei nett har fått om bord i båten. Ein kjenner det godt når ein får på eit slikt eksemplar på stang.

Hjortemiddag
Vi prøvde oss på sjøen neste dag og. Vinden hadde løya litt, men vi i den opne båten heldt oss litt meir i le for å kunne ha det nokolunde behageleg. Det vart ein del fisk likevel, særleg på dei i den raskaste båten. Dei kunne tillate seg å gå litt lenger ut der fisken gjerne står. Om kvelden vart det, som ei lita avveksling, servert hjortesteik med nydeleg kantarellsaus, brokkoli, gulrøter og sjølvsagt poteter til. Den før nemnde sandefjordingen laga potetstappe med restane av sandefjordsmøret frå dagen før i, så det vart eit kongeleg måltid denne kvelden og. Slik mat slår likevel ikkje ut middagsgjestane i same grad som fisk gjer, så denne kvelden vart av meir sosial karakter enn den føregåande.


Henningsvær sett frå leia ut mot Eggja og fiskefelta i Vestfjorden. Fjella bak er eit mykje brukt fotomotiv.

Maksvêr
Om natta kunne vi konstatere at vinden løya heilt  og sjøen vart spegelblank utanfor rorbuene. Og den tredje og siste dagen vart det maksvêr med damstille, nesten flatt hav og sol frå ein så godt som skyfri himmel. I dag skulle det fiskast! Vi kom oss på sjøen, om ikkje akkurat grytidleg så i alle fall godt på føremiddagen. Denne laurdagen var det verdsmeisterskap i skreifiske, og heile Lofot-havet var strødd med båtar. Det er utruleg vakkert i Lofoten ein slik dag. Vi tok mange bilete, og vi håpar nokre av dei betre enn ord kan formidle den fantastiske stemninga. Ein får rikeleg høve til å nyte utsikta både på turen ut på feltet, og på heimturen etterpå. Særleg vakkert er det når den raudlege kveldssola fargar dei karakteristisk drivkvite, snødekte  fjellformasjonane som utgjer Lofot-veggen i fleire nyansar av gult og oransje. Det er som å vere midt i eit prospektkort.


Litt variasjon i kosthaldet må det vere også på skreifeske. Her er det råbiff av hjort som vert fortært.

Bra med fisk
Og vi fekk godt med fisk. Den største skreien vog over 18 kg, og vi hadde fleire på 10-12. Det vart ein heil jobb å reinse og stelle all fisken. Det kan vere temmeleg kaldt å stå på kaia i fleire minusgrader og stelle fisk. Men stelt vart han, og sirleg vakumpakka og nedfrosen. Største bekymringa var kva dei ville seie på flyplassen når vi kom for å sjekke inn bagasjen på veg sørover att. Vi gjorde kva vi kunne for å ete opp mest muleg siste kvelden i rorbuene i Henningsvær, men måtte likevel setje igjen ein del av fisken. Neste års gutetur til Lofoten er allereie bestilt, og då satsar vi på at Lofast-sambandet er klart.

  På bilturen heim frå Bergen sprutregna det.


Det er utruleg vakker utsikt frå Henningsvær Rorbuer.

Til hovudsida >>>