Eitt tonn fisk på to dagar – på stang
*På fiskeeventyr i Finnmark     *Største torsken vog heile 24kg     *"Dokker ha no vesst feska førr"
Bakgrunnsmusikk: KLM Torsken Kommer
Til hovudsida >>>


Sørvær ligg ytst på Sørøya mot storhavet vest for Alta i Finnmark. Her er det stor aktivitet både av yrkes– og sportsfiskarar store delar av året.

”Elgjegernes Råfisklag” skiftar beite. I år sløyfa vi den tradisjonelle vårfisketuren til Henningsvær i Lofoten. I staden vart det tur til Sørvær på Sørøya i Finnmark – med eventyrleg resultat.


Jonn Egil Berget med ein flott torsk på 18 kg


Nokon må sløye fisken. Jan Gunnar Valaker tek jobben dag 1

Det er mest ikkje til å tru: På to dagar drog åtte sportsfiskarar eitt tonn torsk og sei på fiskefelta utanfor Sørvær – på stang – og største torsken vog 24kg.
  – Dette er berre heilt rått, det overgår Lofoten med god margin, var gjennomgangstonen mellom øsne fiskarar.
  – Dokker ha no vest feska før sjøll om dokker e søringa, måtte skipperane på sjarkane ”våre” motvilleg innrømme.


Måsen skal ha sitt. Dei seglar om lag like godt på sjøen som i lufta og held seg tolmodig kring båten til sløyinga tek til. Men då er det slutt på idyllen og freden, og kampen er nådelaust hard om avfallet som vert kasta ut til dei.

Vêromslag Vi reiste oppover med fly til Alta rett etter at vektarstreiken endeleg var avblåsen. Det er ei kjent sak at våren og forsommaren har vore våt og blåstrig der nord i år, så vi var budde på dårleg vêr. Og det yra litt og bles friskt då vi køyrde med leigebil dei 15 mila frå Alta til Sørvær. Men dagen etter var det delvis skya og opphald, og vinden var ”berre” frisk bris, så forventningane var høge på veg ut på feltet.


Så har fiskarane kome til lands etter første dag på sjøen. Filetering og vakumpakking av fangsten må gjerast før middag.

Vi leigde to vanlege sjarkar med skipper, og var fire mann med havfiskestenger på kvar båt. Det var rimeleg god plass til fire fiskarar om bord, men sjarkane rulla godt i dønningane ute på det opne havet. Det må innrømmast at dei mest pinglete av oss landkrabbane etter kvart måtte til å mate sine ”namnebrør” nede i djupet.

Mykje rulling og stor avdrift gjorde det vanskeleg å pilke effektivt, men det blei likevel ein del fin torsk og sei utover dagen. Største torsken denne dagen vog respektable 20kg. Nokre hyser og ei og anna sprengd brosme dukka òg opp frå det 30 til 50 famnars djupet.


På veg ut dag 2. Mest ikkje ei sky på himmelen og t-skjortetemperatur. I dag blir det mykje fisk.

Maksvêr Dag to vakna vi til strålande sol frå skyfri himmel med havblikk og t-skjortetemperatur. At det går an, maken til flaks skal ein leite lenge etter. Vi hadde to dagar til disposisjon på havet, og så fekk vi slike fantastiske forhold. Vi budde oss på ein lang dag på havet med mykje fisk.


Denne skal vi ha neste år, åtte mann på ein båt - 

Og vi vart slett ikkje skuffa. Røynslene frå dagen før gjorde at vi sette opphengarar med gummimakkar på fortaumen ovanfor pilken. Vi auka og pilkvekta frå eit halvt til tre kvart kilo. Det gav verkeleg resultat, det beit så vi rakk sjeldan å få bruket i botnen før det sat fisk på. Det hende vi fekk to–tre store fiskar på samtidig, og det er ganske strevsamt å få opp. Vi måtte stadig ta pausar og kvile såre armar og svangar. Mat og drikke måtte òg til for å restituere seg for nye dystar.


- og kanskje bu her?

Kjempetorsk Rekorden denne dagen vart ein skikkeleg rugg av ein torsk på 24kg. Vi fekk fleire på 20 og ein drøss på 10–15kg i tillegg til fleire stampar med flott sei. Einaste bekymringa var korleis vi skulle rekke å filetere all fisken, og om vi ville få sjekke inn på flyet med så mykje bagasje. Løysinga vart at vi flådde og fileterte all torsken og gav resten av fisken til nokre polakkar som egna line på fiskebruket i Sørvær. Dei fileterte og fraus ned fisken for å ta han med seg heim.


Jonn Berget frå Stavanger får alltid fisk og som regel den største. Denne gongen vart det ny pers med ein torsk på 24kg.


Jan Gunnar Valaker frå Lindås med lånte fjær?
Trur det må vere Jonn sine fiskar.

God mat At nytrekt fersk torsk og kokt sei–lever er god mat, kan vi skrive under på. Vi søringar veit knapt kva skikkeleg fersk fisk er før vi kjem nordpå. Det smakar aldeles herleg med kokte poteter og gulrøter, dygdig sandefjordssmør og god raudvin til. Det blir til at ein et til ein trillar frå bordet. Trøysta får vere at dette skal vere så sunn mat og drikke.


Det står ikkje på å dra på fiske på storhavet når vêret er slik som på bildet; strålande midtsommarsol og flatt hav.

Vi budde i to enkle, men heilt ok einebustader med god plass til fire mann i kvar. Husvertane og folka elles der oppe er veldig gjestfrie og hyggjelege folk som gjorde sitt beste for at vi skulle ha det bra. Til og med folka på flyplassen viste berre smil og velvilje, og vi høyrde ikkje ein knyst då vi sjekka inn dei blytunge bagane våre på heimturen. Dette freista til gjentaking, og vi kjem nok til å tinge oss ein tur neste sommar òg.


Ein personleg rekord på 20kg er ikkje å kimse av når ein fiskar torsk med stang og snelle. Det vart mange flotte fiskar då ”Elgjegernes Råfisklag” gjorde livet utrygt for torsk og sei i Lopphavet like over jonsok.

Heimreise i regn og blåst Heimreisedagen bles det stiv kuling, og regnet hølja ned. Vi fekk vogga oss skikkeleg på ferja mellom Sørøya og fastlandet, men kva gjorde vel det? Slikt vêr er vi vestlendingar vel vane med.


Ni fulle slike stampar med sløgd fisk vart det andre dagen på sjøen – meir enn ein stamp til manns. Totalt hadde vi om lag 1.000kg rund fisk dei to dagane til saman.

Til hovudsida >>>