Våningshuset på garden vart bygd tidleg på 1900-talet. Som vanleg på den tid med kjellar av metertjukke, dobbelvanga gråsteinsmurar, og lafta av solid furutømmer. Taktekkinga var bjørkenever med torv oppå. I 1940 vart huset påbygd. Det vart laga opplett og ark slik at delar av huset fekk to fulle høgder, og det vart lagt Altaskifer på taket. Seinare har dei småruta glasa "diverre" vorte skifta ut, og det er gjort ein del interiørmessige endringar slik at stilen no er noko blanda. Men huset har atmosfære, og vi kosar oss her. Biletet er teke frå sør. Vent eit minutt på nedlasting av bakgrunnsmusikkfila "The Sound Of Silence" med Simon & Garfunkle (mp3), så får du musikken med deg vidare på dei neste peikarane.   

Utsikt frå hovudinngangen >>>     Hagen i motlys >