Laksefiske 2004


I slikt tråver er det gjerne dorging på Hopsvatnet som gjev best resultat såpass seint i sesongen.

Denne sommaren hadde vi fiskeveka vår i Å- og Hopselva frå laurdag 31. juli til fredag 06. august. Fyrste del av perioden hadde vi altfor fint ver med sol og varme og stadig minkande vassføring i elva. Temperaturen var for høg både i lufta og vatnet til at fisken var særleg bitevilleg. Men det var bra med fisk i elva, og med tolmod og dugleik fekk vi fisk likevel. Det gjekk mest i tert og ein og annan ørret, men ein del større fisk vart det og. Særleg gav dorging i Hopsvatnet brukbar utteljing med nokre bra mellomlaks. Det er rart med det når så mange flittige fiskarar får drive på bortimot ei veke. Fangstrapporten viser 3 laksar, 8 ørretar og 13 tertar med ei samla vekt på 45,9 kg. Vi skal ikkje prøve å antyde nokon kilopris i år heller. . .

 
Her har Oddmar, med Vidar som håvar, fått ein fin tert på 2,2 kg på dorging i Hopsvatnet med 18 g Toby.


Og som ikkje det var nok, her har han teke ein laks på 6,5 kg


og onkel Tor ein tert på 2 kg. Alt i Hopsvatnet på 18g Toby.


Øyvind er ein slugger med både fluge og dorg. Her med ein oppdrettslaks teken i Hopsvatnet på- ja nettopp, 18 g Toby!

Neste biletserie >>>     Til hovudsida >>>