Laksefiske 2004
Framhald


Far &son 1: Vidar med tert på 1,7 og Jon med ørret på 2.0 kg tekne i høvesvis Nedre bruhølen og Tverrelvhølen på "Sunray Aa Shadow.


Far &son 2: Oddmar med laksen på 6,5 og Hans med tert på 1,6 kg.

Men Hans og Jon held seg trottig og trufast til flugestengene og Åelva. Hans er nøye på dette med val av fisketidspunkt i høve til "vitskaplege bett-periodar", og Jon er nattfiskaren og ørretutfordraren framfor nokon. Og dei får alltid fisk. Vi brukar å seie at får ikkje dei fisk, treng ingen andre å prøve seg eingong. Når det gjeld flugeval, går det mykje på Hans sine sjølvbundne variantar av "Sunray Shadow", "Kull &Gull", "Silver Doctor" og spesialiteten "Hansine".


Hans med laks på 5,0 og tert på 2,8 kg tekne i Fjordhølen kvart over


 tre og kvart over fem om morgonen på si eiga "Sunray Aa Shadow".


Til trerettars middag er alle samla. Det er høgdepunktet på dagen med fyrsteklasses mat og drikke og oppsummering av dagen.

Laksefiske 2003 >>>     Til hovudsida >>>