Kara på tur 2010 - destinasjon Svalbard

Del I          Gå til del II >>>          Til hovudsida >>>
Bakgrunnsmusikk: Svalbard-tema med Sigmund Groven

Elgjegernes Råfisklag, med eit par glopparar som medlemer, ligg ikkje på latsida om det er vinter og snø. Vi har mellom anna vore på Lofotfiske mange tidlege vårar. I år vart det spektakulært snøscootersafari på Svalbard.

Vi har tenkt på det lenge; ein tur til polare strøk, ein skikkeleg gutetur i barsk og urøyvd natur på tundraen og isbreane i nord. Jau, det var noko for oss. Vi bestemte oss for ein firedagars overnattingstur i det spennande og forlokkande øyriket – på snøscooter – og vi bestilte flybillettar mest eit år i førevegen for å sikre oss plass og rimelegast muleg billettar.


Hogne sin Smith & Wessen blir grundig undersøkt ved ankomst Longyearbyen. Frå v.: Tor Ole, Per B., Hogne, Magnar og Jonn. Foto: Per R.

Unngjekk vulkanoska Det vart såleis god tid til å glede seg til turen og lese seg opp på Svalbard–stoff. Vulkanutbrotet på Island like før turen uroa oss ikkje det slag; vi hadde knapt høyrt om at oska kunne skape problem for flytrafikken. Turen oppover gjekk frå Flesland tysdagsmorgonen til Gardermoen og vidare via Tromsø til Longyearbyen i godt flyvêr. Hardangervidda låg bada i sol utan ei sky som stengde for utsikta. Men i Tromsø sludda det og var litt surt. Skylaget sprakk opp igjen då vi nærma oss målet, og det var ein mektig Svalbard-natur som møtte oss då vi nærma oss flyplassen ved Longyearbyen etter knappe fem og ein halv time.


Ei siste brifing for til dels urøynde scooterførarar før vi forlét Longyearbyen for ein firedagars ekspedisjon rundt heile Nordenskioldland.

Solid guide Scooterturen starta ikkje før dagen etter, så vi hadde ettermiddagen og kvelden til å sjå oss om og shoppe litt i gruvebyen. Guiden vår viste seg å vere ein relativt ung, men røynd kar som hadde mange år bak seg som turleiar. Det var tydeleg at han visste kva han dreiv med – og kva han ville. At klientellet var seks til dels godt vaksne individualistar, registrerte han fort, og han let oss tydeleg forstå at her var det han som hadde siste ordet. Alvoret i å legge ut på ein slik tur gjekk opp for oss då han stilte væpna til tennene med mauser, signalpistol og naudpeilesendar. Kart, kompass og GPS var sjølvsagt òg obligatorisk turutstyr.


Første stopp på scooterturen var Longyearbreen. Frå v.: Tor Ole, Hogne, Paal (guide), Per R, Per B og Magnar. Foto: Jonn

Solid utrustning Det er kaldt på svalbard. Sjølv i april er middeltemperaturen ned mot 12–15 minusgrader, og lufta står sjeldan still. Det må ikkje vere ein millimeter berr hud mot vêr og vind dersom ein vil unngå frostskadar. Kuldekrem på nasetippen og rundt scooterbrillene er òg bra. Vi fekk utlevert solide scooterdressar, finlandshetter, hjelmar, briller, skinnvottar og romslege, godt isolerte støvlar. Ingenting skulle vere tilfeldig når det galdt å halde varmen inne og kulden ute.


Svalbardreinen er mykje mindre og buttare i fasongen enn slektningane på fastlandet. Dei er ikkje særleg redde for folk heller, så det var enkelt å få gode bilde. Kva dei finn å ete på dei avblåste rabbane er vanskeleg å sjå.

Første etappe Utrusta om lag som astronautar og med sledane lasta med proviant, bensin og diverse naudutstyr, var vi klare før første etappe; 65km over fjellet og langs fjorden til Barentsburg. Vi køyrde først sørvestover opp Longyeardalen og ned Fardalen og Colesdalen til Colesbukta ved Isfjorden. Der måtte vi stoppe for ein flokk reinsdyr som gjekk og beitte midt i leia.  Svalbardreinen er ikkje særleg redd for folk – han har vore freda i snart hundre år – så vi fekk mange gode bilde. Det var eit fantastisk syn mot Kapp Laila og den opne fjorden lenger ute. Vi såg òg det som var att av Koles Bay, den gamle utskipingskaia for kol russarane dreiv ut i Grumant. Det var full drift der fram til 1961, med ingen bur der no.


Hamna i Barentsburg er stort sett isfri. Men ho er lite brukt til utskiping av kol. Dei produserer stort sett berre det dei treng sjølve, hovudsakleg til det lokale kolkraftverket i byen.

Barentsburg Vel framme i Barentsburg tok halvparten av oss kvelden på hotellet der. Resten drog vidare rundt den delvis opne Grønfjorden for å køyre til Kapp Linné og ærverdige Isfjord Radio ytst mot storhavet. Men dei kom ikkje så langt; dei kom nemleg over isbjørn ei mils veg sør for den russiske gruvebyen og returnerte for å hente resten av følgjet. Alle måtte naturlegvis få sjansen til å sjå isbjørnbinna som låg og sola seg i snøen med den godt og vel årsgamle ungen sin. Ei fantastisk oppleving, sjølv om vi måtte finne oss i å nyte synet ved hjelp av kikkert på fleire hundre meters avstand.


Det har budd folk på Svalbard i årevis utan å sjå bjørn. Men vi såg isbjørn alt første dagen; ei binne med ein godt over årsgamal unge låg langflat i snøen og kosa seg i sola vel ei mils veg sør for Barentsburg.

Om kvelden, etter ein russisk festmiddag på hotellet, kom hotellverten, ein ung og triveleg russar, og tilbaud oss eit ekte russisk/ukrainsk folkloreshow, rimelegvis mot ei høveleg påskjøning. Vi takka ja og fekk ei forrykande førestilling med nydeleg russisk song og musikk av fire dugande entertainerar, og ikkje minst drivande vakker dans framført av tre spenstige damer. Mellom nummera var kjende og kjære songar som Moskvanetter og Kalinka.


Russisk folkemusikk, song og dans var ei stor oppleving som vi heilt overraskande fekk oververe på hotellet i Barentsburg. Vi fekk servert eit forrykande show med fleire kjende songar som Moskvanetter og Kalinka.

Svea neste Neste dag hadde vi ein skikkeleg langtur framfor oss; nesten 200 km på snøscooter. Frå den vestre enden av Nordenskioldland reiste vi sørover langa Fritjovbreen til brefronten mot Van Mijenfjorden. Der kom uvêret over oss med kuling frå nordaust og skikkeleg snøkave. Vi fekk ein stri tørn i motvind og mest null sikt vidare austover langs– og på den islagde fjorden mot Svea – den einaste norske gruvestaden som framleis er i drift av noko omfang på Svalbard. Det var ingenting ope der, så vi måtte nyte ein heller hustrig lunsj ute i ly av ein bygning.


Dag to. Her har ekspedisjonen nådd sørover mot Van Mijenfjorden og har lunsjpause ved fronten av Fridtjovbreen.

Snøstorm og null sikt Derifrå gjekk ruta oppover Kjellstrømdalen og over fjellet til Agardhdalen på austsida av øya. Vi hadde ein skikkeleg utfordrande fjellovergang nordvestover til Fulmardalen, ein sidedal til den vidgjetne Sassendalen, der vi skulle overnatte i ei lita hytte. Vêret vart berre verre og verre, og vi vurderte ei stund å opprette naudleir og slå opp telt. Men etter rådslagning, valde vi å prøve å nå fram til hytta og den smule komfort vi kunne ha der.

  Den siste fjellovergangen skulle vise seg å bli ein kamp mot naturkreftene. Snøen hadde lava ned heile dagen, og med temperatur på minus ti–tolv grader, var snøen svært laus. Den sterke vinden bles snøen saman i svære fonner som scooterane lett køyrde seg fast i. Under den brattaste stigninga måtte vi setje frå oss sledane og køyr opp veg til vi kom i slakare terreng. Sikta var dårleg, og det var berre guiden som hadde kontroll på kvar vi var. Han køyrde utelukkande etter GPS, og utan den hadde vi aldri funne fram.


Kart over Nordenskiold land som viser ruta vi køyrde (teikna med raudt). I løpet av fire fantastiske dagar tilbakela vi over 400 km på snøscooter.

Det seier seg sjølv at det er ein viss risiko med slike ekspedisjonar. Særleg er han som køyrer først utsett. Difor var naudpeilesendaren plassert hos ein som køyrde midt i kolonnen, og ordren var klar; om leiaren forsvann i eit hol i isen, ein sprekk i breen eller utfor eit stup, var det berre å dra i utløysaren. At Sysselmannen sitt bergingshelikopter neppe kunne ta ut i slikt vêr, er ei anna sak.


Det var ein stor lette å nå fram til hytta i Fulmardalen, elleve kvadratmeter luksus, etter 200 strabasiøse kilometer i motvind og snødrev.

Lysning i sikte Det skal ikkje stikkast under stol at vi nok røyvde oss på kanten av det forsvarlege. I alle fall kjendest det slik for oss som ikkje driv med ekspedisjonar av dette slaget til kvardags. Men leiaren vår var stø som fjell og gav inntrykk av å ha full kontroll. Det smitta over på oss andre, og optimismen steig etter kvart som vi kom vestover i le for verste uvêret. Men det leid langt på kveld då den vesle hytta endeleg dukka opp på ein haug litt opp frå dalbotnen.

  Eit par av oss bunkra opp scooterane frå medbringa jerrykanner medan dei andre klargjorde og fyrte opp hytta. Aldri har vel varm middag og iskaldt drikke med tusenår gammal is i smaka betre. Ein sovepose og to kvadratmeter til manns var alt som skulle til for ei god natts søvn i polarnatta. Og enda hadde vi to dagar att av ekspedisjonen.

Om Svalbard

* På heile Svalbard sine 61.000 kvadratkilometer er det permafrost ned til 200–300 m,  og berre eit tunt lag i overflata blir telefritt om sommaren der snøen og isen smeltar. To tredelar av svalbard er dekka av isbrear.

* Alle bygningar på Svalbard står på pålar med god og luftig klaring til bakken. Forklaringa er like enkel som fascinerande; dersom husa vart bygde på bakken slik som på fastlandet, ville varmen tine telen under, og husa ville sige nedover i grunnen.

* Det er kaldt på svalbard. Sjølv i april er middeltemperaturen ned mot 12–15 minusgrader, og lufta står sjeldan still. Med kuling imot og ein køyrer snøscooter i 40–80 km i timen, må ein vere svært godt kledd for å halde varmen.

* Det er eit yrande uteliv i Longyearbyen i eit imponerande tal pubar, kafear og restaurantar. Dei knappe 2.000 innbyggjarane er sosiale og lette å kome i kontakt med, og det kryr av turistar frå mange ulike nasjonar der.

* Det er ein god del rein på Svalbard. Dyra er mykje mindre og buttare i fasongen enn slektningane på fastlandet. Det er mykje pels og lite kjøt, og det kjem nok vel med i det barske klimaet. Det er heilt utruleg at dei kan overleve ti månaders vinter og med berre nokre veker med grøn vegetasjon å feite seg opp på om sommaren.

* Det russiske gruvesamfunnet i Barentsburg er interessant. Det er som å bli sett 50 år attende i tid. Standarden på hotellet er enkel, om lag slik vi hugsar han på norske hotell for ein dryg mannsalder sidan. Men alt er reint og velstelt, og mat og drikke upåklageleg. Byen har ca 400 innbyggjarar. Tidlegare utgjorde den samla befolkninga i Barentsburg, Grumant og Pyramiden fleirtalet av innbyggjarane på Svalbard. I dag er Barentsburg den einaste attverande busetjinga av dei tre. Gruvedrifta er redusert til det som trengs til eige bruk, vesentleg til drift av det lokale kolkraftverket

* I den norske kolgruva i Svea arbeider 300 personar på skift. Det er ingen vegforbindelse med omverda, og fjorden er isfri berre fire månader i året. Elles er snøscooter og småfly einaste framkomstmiddel, og det er seks mil til Longyearbyen

Gå til del II >>>          Til hovudsida >>>