Svalbard, urørt polar villmark og 200 års fangstkultur

Del II          Gå til del I          Til hovudsida >>>
Bakgrunnsmusikk: Svalbard-tema med Sigmund Groven

På dei to siste dagane av Svalbard-ekspedisjonen, fekk ”Kara på tur” oppleve både Austkysten med eit nesten urøyvd isbjørnens rike og dei klassiske fangstområda mot Sassenfjorden og Tempelfjorden i vest.

Kontrastane er store på Svalbard. Austkysten byr på den villaste, mest urørte og typiske polare naturen, kald og lite påverka av Golfstraumen. Aust– og nordover strekkjer ishavet seg så langt auga rekk og mykje, mykje lenger. Mot vest er naturen og klimaet litt mildare og meir prega av fangstkultur attende til tidleg 1800-tal.


Dag tre sette vi kursen mot Austkysten og isbjørnen sitt rike. 

Skiftande vêr Veret skiftar fort på Svalbard. Dag tre vakna vi grytidleg av at sola skein inn gjennom hyttevindauga. Men vi tok oss god tid med frukost og morgontoalett. Strabasane i snøstormen dagen før sat enda i kroppen, og denne dagen ville vi sjå og oppleve meir enn å køyre snøscooter.


Skiekspedisjon på endelause Storfjorden. Kanskje skal dei gå heilt til Nordpolen?

Vi sette kursen austover for å ta oss over eit vidstrakt bremassiv med mellom anna Nordmannsfonna og Usherbreen. Vi hadde litt snøfokk i mot, men elles ein nydeleg tur på mjuk og fin nysnø og stor fart på scooterane. Nede av breen ved isen på Storfjorden, kunne vi nyte utsikta austover mot Edgeøya og Barentsøya i horisonten. Ute på isen gjekk ein lang karavane med skiløparar trekkjande på pulkar. Dei var tydelegvis på overnattingstur, kanskje heilt til Nordpolen?


Den langstrakte fronten av Hayesbreen er imponerande vakker med eit fargespekter frå mest svart, via ei mengd blå nyansar, til drivkvitt. Her tok vi lunsjpause.

Isbjørnen sitt rike Vi køyrde nordover langs land til den spektakulære og langstrakte fronten av Hayesbreen, heile tida speidande etter isbjørn. Det er på Austkysten med sin nesten evige sjøis at isbjørnen finn seg best til rette. Der jaktar han sel på isen og feitar seg opp til å klare den månader lange og beinharde polarnatta.


Isbjørnbinna klatra elegant opp i brefronten då scooterane nærma seg.


Der dia ho ungen sin medan ho held eit vaktsamt auge med oss.

Og vi hadde utruleg flaks; midt oppe i brefronten, i ei naturleg grotte i isen, låg ei binne og dia den drivkvite årsungen sin. Vi tok like godt lunsjpause, rett nok på trygg avstand, og studerte dei flotte dyra nøye i kikkert. Vi tok masse bilde, men sakna ei skikkeleg stor telelinse. Derifrå gjekk turen vestover igjen over Konigsbergbreen til Sassendalen og hytta i Fulmardalen for ny overnatting.


Vi slappar av i sola og nyt dagen og utsikta over Sassendalen.

Sassendalen Siste dagen var planen å køyre til Pyramiden, den nedlagde russiske gruvebyen på vestsida av Billefjorden. Det er ein skikkeleg langtur liknande den vi køyrde dag to. Men det var ikkje stemning mellom karane for ein ny langtur sjølv om vêret var strålande. Vi satsa heller på ein roleg dag der vi kunne studere dei rike fangstområda og kulturminna i Sassendalen og Tempelfjorden.


Utsikt over Tempelfjorden.

Fredheim Særleg tok vi oss god tid til å studere den kjende fangststasjonen Fredheim ved munningen av Tempelfjorden. Fangststasjonen er eit godt ivareteke monument over Hilmar Nøis og dei to konene hans, først Ellen Dorthe, seinare Helfrid. Hilmar hadde 38 overvintringar her. 


Gamlehytta på Fredheim der Ellen Nøis fødde ein son åleine medan mannen drog til Longyearbyen etter fødselshjelp.

Særleg imponerande var Gamlehytta, bygd av stein, torv, never og litt rekved. Her fødde Ellen ein son åleine medan mannen drog til Longyearbyen etter fødselshjelp. Turen tok så lang tid at han rekna med å bli for sein likevel, så han gav seg att og levde livet i byen i tre veker. Kona trudde han var omkomen på turen. Ho fødde åleine, og sonen levde opp. Men Ellen vart mentalt sjuk etter påkjenningane.


Villa Fredheim starta  Hilmar Nøis å byggje i 1924. Seinare er ho bygd om og utvida fleire gonger.

Båten i isen For første gong på turen streika ein av scooterane. Han var rett og slett heilt daud og nekta å gå for eiga maskin. Vi var i grunnen overraska over kor godt køyretya heldt, for dei fekk skikkeleg juling på til dels svært ujamt underlag. Vi måtte berre ta doningen på slep og ein ekstra mann på ein av dei andre scooterane, og det gjekk i grunnen heilt knirkefritt. Dessutan nærma vi oss jo slutten på ekspedisjonen.


Båten i isen, den tyske seglskuta Noorderlicht,  har lege fastfrosen i årevis.

Frå Fredheim tok vi turen ut på Tempelfjorden til den tyske seglskuta Noorderlicht som har lege der fastfrosen i isen i mange år. Der kan ein på bestilling få omvisning og servering, og båten er mykje besøkt både av fastbuande og turistar.


Utsikt frå TV– og kommunikasjonsanlegga i fjellsida på motsett side av dalen. Longyearbyen i ettermiddagssol.

Full klaff Heimturen mot Longyearbyen gjekk mellom anna gjennom den mykje trafikkerte Adventsdalen, ein nokså flat, vid og romsleg dal med mykje turistar. Siste utflukt gjekk til TV– og kommunikasjonsanlegga i fjellsida på motsett side av dalen med fantastisk utsikt mot Longyearbyen. 


Utsikt frå Svalbard Lodge. Solnedgangen over kolkraftverket i Longyearbyen halv tolv om kvelden var utruleg vakker. 

Det var godt å kome ”heim ” til Svalbard Lodge, ein herleg dusj og ein betre middag i restauranten. Vi var storleg nøgde med ein utruleg vellukka ekspedisjon, og til alt overmål opna dei luftrommet over fastlandet nett den dagen vi hadde flybillettar sørover. At vulkanoska tok ein pause då, kunne ikkje klaffa betre for oss, men vi skulle gjerne blitt nokre dagar til på Svalbard.

Til hovudsida >>>