Skreifiske i Lofoten

Lofotfeske 2006   Lofotfeske 2004   Lofotfeske 2003   Lofotfeske 2002   Lofotfeske 2001  Lofotfeske 2000


Hamna i Henningsvær ein roleg føremiddag mot slutten av skreisesongen.

Skreifiske med havfiskestang og svenskepilk i Lofoten er eit godt alternativ for sportsfiskarar med vinterabstinens. ”Elgjegernes Raafisklag”, med eit par glopparar som medlemer, har gjort vinterferie i Henningsvær til ein årleg tradisjon. Å vere ein triveleg kameratgjeng, bu i ei koseleg rorbu i Henningsvær, leige seg ein liten sjark, ta daglege turar på Lofothavet for å pilke skrei, ete seg sprekkmett på "mølja" med tilbehør om kvelden, det er gutetur det!

Yngstemann på bedriftsidrettslaget i Statoil sitt elgjaktlag, Hogne Pedersen, har gjort det til ein årleg tradisjon å organisere fisketur til Lofoten i beste skreifisketida i månadsskiftet mars-april. Vi har hatt nokre fantastisk fine turar med godt ver og brukbart fiske, sjølv om Lofotfisket ikkje er som det var. Eit langt og surt vinterhalvår kan vere seigt å kome gjennom for mange. Ikkje minst for lidenskaplege jakt og fangstfolk med utprega urinstinkt, kan denne tida gje plager i form av rastløyse og abstinens. Men det finst råd for det meste, og elgjaktlaget, innehaldande eit par glopparar, har altså funne ein av sikkert fleire mogelege måtar å løyse problemet på. 

Lofotfisket er velkjent
Dei fleste har høyrt om Lofotfisket. Det har like lange tradisjonar som busetjinga i den nordlege landsdelen. Tidleg på vinteren kjem innsiget av den ettertrakta Skreien inn mot nordvestsida av Lofoten og sørover mot Værøy og Røst. Om ikkje alt vert sopt opp av grådige snurrevad- og garnfiskarar der ute, kjem ein del av fisken inn på Vestfjorden for å syte for den viktige forynginga av stammen. Der er det eit yrande liv og ei herleg blanding av tradisjonelle juksa- og linefiskarar godt blanda opp med eventyrlystne sportsfiskarar. Det er mellom dei sistnemnde vi  jakt- og sportsfiskeelskande søringar høyrer heime.

Lang veg
Det er langt frå Sør-Noreg til Lofoten, og vi satsar på flytransport for å få mest mogeleg tid til fiske. Vi frå Gloppen brukar å køyre bil til Flesland ved Bergen og tek fly over til Gardermoen der dei fleste medlemene av ”Elgjegernes Raafisklag” samlast. Så går turen som regel vidare til Harstad og Narvik lufthamn  ved Evenes. Der ventar ein ”innfødd” tromsværing med bilar, og vi har føre oss ein fire timars biltur til Henningsvær. Om vi er nokolunde heldige med veret, er køyreturen i det vakre og ville landskapet ei oppleving i seg sjølv. Men vi ser fram til at det nye ferjefrie sambandet, Lofast, vert klart til neste år. Då kan køyretida redusert nesten til det halve. Turen vert lang nok likevel.

Vêravhengig
Det seier seg sjølv at vêret er avgjerande for kor vellukka ein slik tur vert. Det er ingen spøk å frekventere den relativt opne og vêrharde Vestfjorden i små, delvis opne plastsjarkar. Nedbør er det vanlegvis lite av på denne årstida, sjølv om nokre snø- og sluddbyer kan førekomme. Det er vinden som er problemet. Vi vil helst ikkje ha meir enn frisk bris. Vert det liten til stiv kuling, set vinden opp så mykje bølgjer at det blir vanskeleg å fiske effektivt. Ein har tids nok med å klamre seg fast i båten, og er ein ikkje meir enn middels sjøsterk, kan det nok hende at krabben får seg nokre ekstra godbitar å meske seg med.
  Men vi har vore utruleg heldige stort sett alle dei sju åra vi har teke denne turen. Ein og annan dag med landligge har det saktens vore, men knapt så mange at vi har fått tid til å sjå oss særleg mykje om i dei mange fiskeværa og småidyllane som dette området av landet vårt er så rikt på. Men så har vi nok tøygt grensene for det behagelege på sume av havturane våre. Vi kan saktens fiske i smulare farvatn inne mellom holmar og skjær, men vi har ikkje kome hit for å fiske taretorsk og steinbit. Det er den fantastiske kvalitetsfisken, skreien, vi er ute etter.

Bakgrunnsmusikk: "En glad laks" med Hot club de Norvege. Ver tolmodig og vent omlag 1,5 min. på mp3-fila, så får du musikken med vidare på alle fiskebileta.   


Det gjeld å kle seg etter tilhøva når ein skal på Lofothavet. Hogne ved roret.


Etter ein frisk dag på sjøen, er det klart for middag i rorbua. Alle foto: Magnar Heimset

Til hovudsida >>>